Treng oppdatert kompetanse heile tida

Publisert

Portrett, Halvard Henjum Halsnes i Sweco Norge.

Halvard Henjum Halsnes i Sweco Norge er en av deltakarane i Abelias ungdomspanel. Foto: Nicki Twang.

– Utviklinga skjer raskt sjølv i byggebransjen, som kanskje er ein av dei treigaste bransjane innan omstilling. Vi kjem til å sjå større og større behov for å tilpasse oss i framtida.

Ungdomspanelet

Arbeidslivet er i rask endring. Ein reknar med at 70 prosent av jobbane i 2030 ennå ikkje er skapt.

Det betyr at dei fleste førsteklassingar skal arbeide i yrker vi ikkje vet kva er. Det er en positiv samanheng mellom opplæring i arbeidslivet og innovasjon på bedriftsnivå. Samtidig gjer digitaliseringa at mange sektorar og arbeidstakarar har behov for ny og oppdatert kompetanse.

Abelia har satt samen et "ungdomspanel" beståande av fremoverlente arbeidstakarar som kan utfordre oss på korleis vi bør tilnærma oss kompetanseutvikling og læring på arbeidsplassen. Ungdomspanelet vil delta på en rekke møter innanfor temaet, og dele sine tankar på Abelias kompetansekonferanse til hausten.

Panelet består av:

  • Halvard Halnes, Sweco Norge
  • Marte Moslet, Microsoft
  • Henriette Schiager, Telenor
  • Kristian Fredheim, Telia

Det seier Halvard Henjum Halsnes som er sivilingeniør hos Sweco Norge AS. Han er òg deltakar i Abelias ungdomspanel, som skal gi råd om framtidas kompetanseutvikling og læring på arbeidsplassen.

Han trur den største endringa i framtidas kompetansebehov kjem innan bruk av teknologi og smarte digitale verktøy.

– Frå mitt perspektiv som konsulent i byggebransjen ser eg at utviklinga skjer rask, spesielt innan bruk av ny teknologi. Alt skal digitaliserast, og bygningsinformasjonsmodellering (BIM) er komen for å bli. Implementering av nye digitale verktøy gjer at det er store endringar frå prosjekt til prosjekt. Tidlegare framgangsmåtar vert raskt utdatert, og ein må etablere nye rutinar fortløpande, seier Halsnes.

Må kartlegge kontinuerleg

God digital kompetanse er òg det viktigaste å få på plass innan 2030.

– Og det gjeld alt frå generell kunnskap om grunnleggande funksjonsprinsipp til sentrale digitale verktøy, samt korleis dei bidreg til å skape verdi for bransjen dei er i. Verksemder må drive målretta oppfordring til utvikling i prosjekt, og skape rom for dette økonomisk. Ein må kontinuerleg kartlegge behov for kompetanseheving innan både fag og nye digitale verktøy, seier Halsnes.

Korleis kan universitet og høgskolar bidra?

– Dei kan implementere digitale verktøy som bransjen alt nyttar. Dei kan òg auke fokus på programmering og forståing av oppbygging av programvare. Da kan studentane sjå nye bruksområde for digitalisering og effektivisering av faget sitt.

Kva slags fordeler og ulemper ser du med automatiseringa av arbeidsplassar?

– Fordeler med automatisering er økt kapasitet og effektivisering. Enkle og gjentakande oppgåver kan settast vekk til fordel for større fokus på fag, problemløysing og prosjektleiing. Dette gir moglegheit for å auke kompleksiteten og fleksibiliteten i store prosjekt i byggebransjen.

– Ulemper med automatisering er at ein del arbeidsoppgåver og arbeidsplassar som me kjenner i dag vil bli overflødige. Dette vil i enkelte sektorar skape store endringar. Mange som i dag har ein trygg jobb å gå, til kan i løpet av kort tid stå utan inntekt. Samfunnet vil få store utfordringar i denne omstillingsperioden.

Større internasjonal konkurranse

Halvard Henjum Halsnes ser store moglegheiter for Norge dersom verksemdene og
utdanningsinstitusjonane evner å gjennomføre den nødvendige kompetanseutviklinga.

– Eg trur det er heilt nødvendig at me klarer å gjennomføre den nødvendige kompetanseutviklinga. Me ser større og større internasjonal konkurranse på arbeidsmarknaden. Store utanlandske bedrifter ynskjer å komme inn på marknaden i Norge. For å klare å vinne prosjekt må me henge med på utviklinga. Det vil òg gjere oss kapable til, på sikt, å ta større del i prosjekt i andre land. Norge gjer allereie dette på mange områder, spesielt innan rådgjeving og prosjektleiing. Men for å fortsette å halde på denne posisjonen må utviklinga fortsette, seier han.

Lurer du på noe?

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?

Gi oss gjerne en kommentar i tillegg - hvordan kan vi forbedre oss? Du er anonym med mindre du oppgir din e-postadresse slik at vi kan kontakte deg.

Takk for kommentaren!

Kommentar sendt