Kan insektprotein konkurrere miljømessig med plantebaserte protein?

Publisert

Hentet fra Norsus.

Som ein del av SYLFEED-prosjektet, har NORSUS-forskerne Ingunn Saur Modahl og Andreas Brekke nettopp publisert ei studie på insektprotein.

Artikkelen undersøker miljøbelastningane for seks verdikjeder, der protein frå mjølorm og svart soldatfluelarve er tenkt brukt til fiskefôr. Verdikjedene er ulike ved at insekta er avla i ulike land og har fått forskjellig mat. Studien kombinerer inventardata frå allerede publiserte studiar, og det er difor lagt vekt på å bruke konsekvente systemgrenser, metodevalg, bakgrunnsdata og indikatorar. Resultata viser at insektmaten er spesielt viktig for miljøbelastningane for insekt som lever på vekster som er dyrka spesielt for larvene, og som i utgangspunktet har ein høg økonomisk verdi. Protein frå insekt som blir mata med ‘grønnsaksavfall’ (noko som er mest vanleg), har ei klimabelastning som er lik eller mykje lågare enn dei mest vanlege plantebaserte ingrediensane i fiskefôr. Denne forskjellen i miljøbelastning for insektmaten kjem av økonomisk allokering av belastningar for landbruksprodukt. I volum kan insektprotein dekke 10 – 15 % av fôrproteinet som per i dag blir importert til EU. Studien viser også at miljøbelastninga for transport av insektprotein frå land som Nederland, Frankrike og Tyskland til Vestlandet berre vil utgjere ein liten del av den totale miljøbelastninga for proteinet. Les heile artikkelen her.