#AbeliaPraten: Egil Mundal, Rocketfarm

Egil Mundal er CEO hos Rocketfarm i Sogndal. Her jobber de med robotteknologi og beviser at det kan kokes frem mer enn bare saft og gode fotballspillere i bygda!

Navn, alder og stilling:

Egil Mundal, 42, CEO.

I korte trekk – hva gjør din virksomhet? 🤖

– Rocketfarm lagar software produkt til moderne robotar. Me har spesialisert oss på palletering (Å få eskene frå samleband til palle!) og har utvikla ein digital tvilling teknologi som reduserer kostnadar og tidsbruk med 80-90% både før under og etter installasjon!

Hva opptar deg for tiden? ⌚️

Å forsøke å navigere i ei verd der det aller meste er i bevegelse opptek vel dei fleste av oss i desse dagar. Så er me opptekne av å formidle kor mykje enklare kvardag robot forhandlarar og deira kundar vil få det om ein bli med på laget vårt 

Hva er du mest fornøyd med å ha fått til det siste året? 🙏

At me har klart å utvikle unik teknologi med utgangspunkt i Sogndal er kjekt å være ein del av, trass store omveltningar i verda rundt oss. 

Hvilken rolle kan din virksomhet/bransje spille for omstillingen av Norge? 🫵

Me håpar at me kan bidra til at også Noreg kan heve seg på robotiserings-tabellen, der er me som nasjon fortsatt ikkje imponerer.

For øvrig er me ei "born global" satsing, der det er nisje-verdsmeisterskap som er konkurransen. Det innebær at me ventar 95%+ eksportomsetnad i åra framover, som i seg sjølv er naudsynt omstilling også for nasjonen

 ⚡️5 kjappe:

Hvem inspirerer deg i norsk næringsliv? 👏

Det stigande talet av steingode kvinnelege leiarar (Det er på høg tid)! 

Det beste rådet du har fått? 👩‍🏫

Då økonomisjefen i min fyrste jobb gav meg grei beskjed om å bli ferdig med siviløkonom-oppgåva. «For både jobben eg hadde starta i og verden for øvrig kom til å gå heilt fint vidare sjølv om eg prioriterte oppgåva og ikkje jobb ein månad». Det stemte då, og eg har brukt det som hugseregel mange gonger.

Ett ønske til regjeringen? 🧐

Næringslivet blir viktigare enn nokon gong, og at regjeringa bidreg i same retning.

Din beste lederegenskap? 👔

Eg er veldig glad i å skape tillitsfulle relasjonar.

Hvorfor er dere medlem i Abelia? ⭐️

Som teknologibedrift er det ein naturleg del å være medlem av!